Eigarane av Klones; Arvid Mæland og Inger Marie Haaland, har seld garden.
Mæland la ut garden for sal på Finn den 16. februar. Nå to veker etterpå er garden seld.
I følgje Arvid Mæland skjedde salet onsdag 2. mars.
Arvid Mæland kjøpte eigedommen i 2012 av Vågå kommune for 7,2 millionar kroner. Tunet var lyst ut for sal for 7 millionar kroner.
– Eg har seld alt og flyttar frå bygda, seier Arvid Mæland på telefon onsdag kveld.
Kven som har kjøpt garden, vil han ikkje røpe.
– Det må kjøpar få lov til å fortelje sjølv, seier han.
Mæland sel Klones
Eigarane av Klones; Arvid Mæland og Inger Marie Haaland, har lagt Klonestunet ut for sal.
Gjev opp krava
Arvid Mæland fortel at det er stilt knallharde krav for å kunne bruke Klones som asylmottak. Berre sikring av Klonesbekken er kostnadsrekna til nærare 10 millionar kroner.