– Eg er ikkje bitter på Vågå kommune, for dei må halde seg til lovar, reglar og krav som staten set. Eg må likevel seie det kjennest merkeleg at ein både kan drive barnehage og gardshotell på Klones utan at bekken er eit problem, medan det samstundes blir sett krav om å sikre bekken dersom det skal etablerast asylmottak her, seier Arvid Mæland.

Han har konkludert med at han vil selje heile tunet. Salsannonsen vart lagt ut på Finn.no tysdag kveld. Mæland skriv i annonsen at han har skilt frå gardsdelen av eigedomen og nå ynskjer å drive fulltid som bonde. Tunet har mange leigetakarar, og er regulert til næring, overnatting og servering. Det er hundre overnattingsplassar. Klones har 16 bygningar i tunet.

– Eg tykkjer det er leitt å gje opp planane om asylmottak. Det kjennest trist å ikkje kunne hjelpe folk som verkeleg treng det, og det er leitt at Vågå går glipp av mellom 12 og 15 arbeidsplassar. Eg har ingen problem med krava som er stilt med omsyn til brannsikring, arbeidstilsyn og slike ting, men Klonesbekken… Det er sett krav om at bekken skal sikrast med tanke på ein 5000-årsflaum, og det blir rett og slett for vanskeleg for meg å tilfredsstille dette kravet. Og for kostbart, ikkje minst, seier Mæland.

Han håpar at statlege myndigheter kan sjå på saka.

– Det er synd at Klonesbekken skal hindre at det blir etablert asylmottak i Vågå. Eg tenkjer det er betre for asylantane å vera på landsbygda enn å bli plassert midt i ein storby, men reglane og krava er som dei er, så da får eg ikkje gjort meir med det, seier ein travel Mæland, som fortel at telefonen har ringt ustanseleg heilt sidan salsannonsen vart lagt ut tysdag kveld.