Highasakite toppar Øya-plakaten

Gruppa Highasakite med Trond Bersu frå Skjåk blir den norske hovudartisten på Øyafestivalen i august.

Øya-artistar 12. august er Highasakite heidersgjestar på Øyafestivalen.  Foto: Tonje Thilesen

Trommer Trond Bersu frå Skjåk spelar trommer i Highasakite.  Foto: TOM ERIK SOLSTAD

Nyheiter

Highasakite får i sommar heidersplassen på Amfi-scena under årets Øyafestival.

– Vi prøver kvart år å finne den norske artisten som det er riktig å flytte opp eit hakk til den prestisjefylte plassen på toppen av Øya-plakaten, står det på festivalen sine sider.

Les meir om Øyafestivalen her:

Fredag 12. august spelar Highasakite i Amfiet på festivalen.

Bandet starta langt nede på Øya-plakaten da dei spela fyrste gong for nokre år sidan, i år er dei i sjølve finalen på fredagen. Konserten blir ein av få i Norge dette året.

Dette seier bandet sjølve:

– Vi gler oss enormt til Øyafestivalen! Det er på mange måtar festivalen over alle festivalar på Austlandet, kanskje også i heile Norge. Øyafestivalen var dessuten den fyrste verkelege store festivalen som tok oss inn i varmen og gav oss ei solid sjanse. Å komme tilbake som headliner nokre år seinare kjennest godt, og vi lovar å gje publikum ei fantastisk konsertoppleving.

I mai kjem dei med sitt tredje album, to år etter gjennombrotet med albumet «Silent Treatment».

Les også Dølen om Highasakite.