Stritt i Skjåk-fjellet

Rutene bles inn på brøytestasjonen

Det stormar i fjellet onsdag.

Vindfullt Glasrutene på brøytestasjonen i Breidalen bles inn i stormen.  Foto: Skjåk Hytteservice

Nyheiter

Dei store glasrutene på garasjen på brøytestasjonen i Breidalen i Skjåk har stått imot vind og vêr i 40 år. Onsdag måtte dei gjeva tapt for vindkasta.

Skjåk Hytteservice fekk oppdraget med å vøle skadane vinden hadde gjort, og Anna Aaboen Bruland fortel at vindstyrken var oppe i 22 sekundmeter medan mannen Tor Bruland utførte arbeidet.

– På vegfyllinga lenger vest, ved tunnelane, viste vindmålaren 24 m/s, fortel Anna. I hyttelfeltet ved Grotli er det lunare, men det har vore storm i kasta også her, fortel ho.