Curling - ny folkesport på Lalm

Tredje juledag vart det arrangert ei uhøgtidleg turnering for å kåre beste curling-kvartetten på Lalm.

Ny folkesport Blir curling den nye folkesporten på Lalm. Ti lag stilte i turneringa tredje juledag.   Foto: Arve Danielsen

Kostar i takt Spelemenn som også meistrar curling. Frå venstre Bjørn Kåre Odde, Øyvind Sandum og Torleif Kvehaugen. Joakim Bjørkheim konstaterer at sigeren og gruppespel er sikra.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Curlingbana er bygd inntil ishockeybana som vart offisielt opna i januar i år. Dermed har Proel Arena to tilbod for dei som vil boltre seg på glattisen.

Ti lag stilte i curlingturneringa sundag. Dette var ei turnering for lalmingar og ex-lalmingar med lag av venner og familie. Det var krav om å ha minimum ein person på laget med tilknyting til Lalm som skip.

Etter innleiande kampar og gruppespel, var det laga til Jon Bjørkheim og Øystein Kleiven som møttest i finalen. Her stakk laget til Jon Bjørkheim av med sigeren. Med seg på laget hadde han Joakim Bjørkheim, Odd Arne Dalen og Odd Arne Bergdølmø.

Publikum og spelarar kosa seg ute i minusgradane. Nysnø som dala ned gjorde sitt til at banemannskapa ikkje fekk nokon roleg dag.

For dei som vil freiste ferdigheitene sine på curlingisen, er det mogleg å leige bane og steinar.

Norge har tradisjon for å hevde seg i internasjonale meisterskap. Blir curling den nye folkesporten på Lalm og i Ottadalen? Og kven vågar å bli den fyrste til å stille i fargerik ruta-bukse, maken den det norske curlinglandslaget brukte?

Siger Joakim Bjørkheim set ein god stein. Bak til venstre står lagkaptein Jon Bjørkheim.   Foto: Arve Danielsen

Fokus Kine Renate Horten i full konsentrasjon.   Foto: Arve Danielsen