– Du er ei drivkraft for lokalsamfunnet. Der noko blir gjort på Lalm, er du med. Du er ei eldsjel som blir sett pris på.

Det sa Asta Brimi, redaktør og dagleg leiar i Fjuken, da ho saman med Kristin Nygård Lonbakken, marknads- og kommunikasjonsansvarleg i Sparebank1 Lom og Skjåk, delte ut prisen til Rune Borgan Isaksen.

Prisen «Årets Ottadøl» består av diplom og 10.000 kroner.

Rune Borgan Isaksen har lagt ned eit stort arbeid for Lalm samfunnshus. Takka vere hans innsats over mange år har samfunnshuset fått ein slik stand det er i dag. Dei to-tre siste åra har han mellom anna vore drivkrafta bak den store ombygginga som har vore gjort, både utvendig og innvendig.

Han er også den som har fått til den fine utsmykkinga som i dag prydar utveggen på samfunnshuset med symbolikk frå kvennsteindrift i Tolstadkvennberget, Bårstad og Eidefoss. Tre av nøkkelindustriane på Lalm.

Lista er lang over ting Årets Ottadøl har engasjert seg i; kasserar i Lalm idrettslag, turkart over Lalm og merking av stigar.

– Det er hyggeleg å bli sett pris på for det ein gjer. Det er artig når ein får til ting. Det er mange med meg som har vore med på huset. Heile Lalm har stått på for å få til dette, sa Rune Borgan Isaksen da han takka for prisen. Han er opphavleg frå Sarpsborg, men har budd på Lalm sidan 2002.

– Som innflyttar har eg ikkje vore van med slik samhald som ein finn her på Lalm, sa han.

Desse har fått prisen «Årets Ottadøl»:

2011: Frode Aurmo

2012: Iselin Jonassen

2013: Jan Erik Braaten Sandum

2014: Tor Gaute Jøingsli

2015: Rune Borgan Isaksen

Det er lokalavisa Fjuken og Sparebank1Lom og Skjåk som står bak prisen «Årets Ottadøl». Prisvinnaren saman med Asta Brimi frå lokalavisa og Kristin Nygård Lonbakken frå banken. Foto: Arve Danielsen