Tusenvis av liter øl i grøfta

Ein lastebil med mange tusen liter øl velta på Rv15 måndag ettermiddag.

Ulykke Ein lastebil med øl velta på Rv15 ved Billingen måndag ettermiddag.  Foto: Privat

Nyheiter

Politiet fekk klokka 14.43 måndag melding frå vegtrafikksentralen om at ein lastebil hadde velta på Rv15 ved Billingen i Skjåk og at køyretyet låg slik til at han sperra båe køyrefelta.

Ulykka skjedde eit par hundre meter vest for bommen.

Den norskregistrerte lastebilen var lasta med tusenvis av liter øl. Sjåføren, som også var norsk, kom fysisk uskadd frå hendinga.

Bergingsmannskap fekk etter kvart drege det tunge køyretyet over i den eine vegbana, slik at trafikken kunne passere i det andre køyrefeltet.

Vekta på lastebilen var til saman 30 tonn, og Arvid Røste på operasjonssentralen i Gudbrandsdal politidistrikt fortel at ein måtte tappe av noko av lasta for å få løfta lastebilen opp på hjula att.

I alt vart 13.000 liter øl tappa av lastebilen.

Etter det Fjuken kjenner til var det svært glatt på ulykkesstaden måndag ettermiddag. Politiet visste tysdag ettermiddag ikkje kva som var årsaka til at lastebilen velta på riksvegen.