Til helga er det klart for Vågåtreffen. Årets treff er den 39. i rekkja.

Vågåtreffen er populær som aldri før med rekordstor deltaking. 22 grupper og lag spelar til dans fredagskvelden og 29 laurdagskvelden.

Fredagskvelden er det konsert med Lendmenn i kulturhuset i samband med at gruppa rundar ti år. Laurdag blir det musikk på butikkar og kafear i sentrum. Mønstringskonserten etter høgst dag laurdag er ein tradisjon som samlar mykje folk.

Gammaldansmiljøet er som ein stor familie som er saman i sorg og glede. Mest glede, men årets konsert blir spesiell. Semon Grindstuen i Grindstuen og Midtlis orkester gjekk i september brått og uventa bort, berre ein månad etter at gruppa gjekk til topps under Landsfestivalen i Lom.

– Vi vil heidre minnet etter Semon under konserten. Han var ein markant person i miljøet dei siste 25 åra, seier Stasviken. Han fortel dei fire andre i kvintetten vil spela under konserten.

Eitt av høgdepunkta under Vågåtreffen har vore utdeling av Vågåfatet. I år går heideren til trekkspelaren Håvard Svendsrud frå Modum i Buskerud, med Oslo som base for si kunstnariske verksemd.

Svensrud har studert musikk ved Barratt Due Musikkinstitutt og Det kongelege musikkonservatorium i København. Sidan 1998 har han vore frilansmusikar med eit allsidig spekter av oppdrag. I tillegg som musikar, har Svensrud lang erfaring som som orkesterleiar, arrangør og pedagog.

Årets vinnar av Vågåfatet har spela inn CD-ar i forskjellige sjangrar. Ein av desse; «Klassisk på trekkspel», fekk terningkast seks i Klassisk Musikkmagasin. I 2013 tok Svensrud over drifta av Kåre Korneliussen sitt plateselskap «Aksent». Her har han bygd vidare på tradisjonen ved å gje ut plater som inneheld dansar i gamal stil. I 2014 gav han ut albumet «Gamle danser fra Sør-Odal» og i 2015 kom «Danser i gammel stil av Per Bolstad».

Heideren Vågåfatet heng høgt. Desse personane har fått utmerkinga gjennom tidene:

1977 Oddvar Nygaard og Ola Opheim

1978 Ottar E. Akre

1979 Kåre Korneliussen

1980 Harry Borgen

1981 Hjalmar Moen

1982 Asmund Karusbakken

1983 Alfred Moen

1984 Øyvind Gustavsen

1985 Tor Bekkelund

1986 Knut Øversveen

1987 Jon Faukstad

1988 Ola Sandum

1989 Sigmund Dehli

1990 Jørgen Stasviken

1991 Willy Rustad

1992 Anna Odnes

1993 Hans H. Holen

1994 Anders Grøthe

1995 Edgar Heringstad

1996 Arnstein Johansen og Sverre Cornelius Lund

1997 Oddvar Fingarsen

1998 Kristian Gården

1999 Petter A. Røstad Sr.

2000 Sigurd Biløygard

2001 Helge Hysjulien

2002 Asmund Bjørken

2003 Magnar Slettede

2004 Magne Bø

2005 Ottar Johansen

2006 Aage Sogn

2007 Bjørn Turtum

2008 Kjell Harald Langhaug

2009 Tove og Terje Bekkedal

2010 Jostein Sørbøen

2011 Ola Grøsland

2012 Sven Nyhus og Tore Løvgreen

2013 Arve Bjørn Røneid

2014 Jan Visdal

Arrangementskomiteen for Vågåtreffen er klare for storinnrykk av spelemenn og dansarar. Frå venstre treffgeneral Arne Stasviken, Kristin Teigen, Thorleif Kvehaugen, Svein Morten Hølmo og Kristin Akslen Hagen. Foto: ARVE DANIELSEN