Klones AS ved Arvid Mæland og Inger-Marie Haaland søkjer Vågå kommune om endring av bruksløyve for Klones gard i samband med at dei ynskjer å ta i bruk bygningane til asylmottak for langtidsbuande flyktningar.

Bygningane det dreier seg om er gute-internatet, hovudbygningen, undervisningsbygget, midtre internat/Folkets hus, høgre del av vertikaldelt bustad på nedre del av tunet og drengestugu.

48 soverom er klare for innflytting, ytterlegare 17 soverom vil vere innflyttingsklare i løpet av 30 dagar.

Arvid Mæland og Inger-Marie Haaland søkjer om endring av bruksløyve med umiddelbar verknad.

Etter krav om flaumsikring av Klonesbekken, søkjer dei om dispensasjon i løyva til drift av asylmottok frå 1. desember til 1. august 2016 utan at flaumsikringa er på plass.

Eigaren av Klones vil setje i gang prosjektering av flaumsikring i samarbeid med Asplan Viak, men ser det som vanskeleg å utføre dette arbeidet i vinter og at dette arbeidet startar 1. mai neste år eller så snart det er bart.

Når flaumsikringa er på plass, søkjer Mæland og Haaland om ei varig endring av bruksløyve for Klones til asylmottak.