Nok ein skisensasjon

Karane Kjell Bengtsen og Reidar Marstein har tidlegare rekonstruert ei 1300 år gamal ski. Det er ingenting mot det dei driv med nå.

Stutte ski Kjell Bengtsen og Reidar Marstein er i full gang med å rekonstruere den 2700 år gamle skia. Skinngarvar Sofie Kleppe følgjer godt med.   Foto: VIGDIS KROKEN

Originalen Som ein ser av biletet, er det små hol langs kantane på den originale skia.  Foto: MAI BAKKEN

Nyheiter

I 2011 vart det nemleg funne ein del av ei eldgamal ski på Lomseggen. Året etter vart det funne to nye delar. I ettertid har Kulturhistorisk museum i Oslo studert dei tre delane grundig. For det fyrste fann dei ut at dei tre delane passa saman, men det mest interessante dei fann ut er alderen på skia: ho er 2700 år gamal!

Nå blir skia rekonstruert. Det skal lagast to par, eit oppdrag Kjell Bengtsen og Reidar Marstein har teke på seg. Denne gongen har dei til og med med seg ein skinngarvar på laget. Sofie Kleppe, som er busett i Vågå og som nyleg har etablert verksemda Jutulskinn, fortel at ho har fått midlar frå Innovasjon Norge for å finne ut kva type skinn forfedrane våre brukte under skia. Var det elg? Hjort? Hest? Eller sel, kanskje? Forfedrane våre hadde kontakt med folk langs kysten, så det er slett ikkje umogleg.

– Nå, medan det er jakttid, håpar eg ottadølane kan hjelpe meg med å få tak i skinn frå elg og hjort. Det er skinnet på føtene eg er interessert i, helst så heile og lange skinn som råd. Ta kontakt dersom du kan hjelpe, ber Sofie Kleppe.

Når skia er ferdige - og når skinna er ferdig preparerte som feller - skal prosjektet presenterast og synast fram på Skifestivalen i Lom, som skal gå føre seg frå 12. til 15. november. Før den tid skal Dag Inge Bakke prøvekøyre skia, med dei ulike fellene under. Kva type skinn fungerer best? Det håpar dei å få svar på.

Mai Bakken i Norsk fjellmuseum fortel at den originale skia er utstilt hjå dei.

– Det er ingen tvil om at forfedrane våre brukte skinn under skia for 2700 år sidan. Langs kantane på den originale skia er det små hol. Det er på det viset dei har fått sydd fast skinnet, fortel Mai Bakken. Ho er spent på å høyre kva konklusjonar Sofie Kleppe, Kjell Bengtsen og Reidar Marstein kjem fram til.

Den 2700 år gamle skia ser ut som ei lang truge, er brei på form og ganske stutt, om lag ein meter.

– Skia ser ut som ei truge og vil nok fungere godt i oppoverbakkar. Samstundes er skia såpass lang at ho vil fungere godt i nedoverbakkar. Og den som trur at feller er ei ganske ny oppfinning, kan berre tru om att, skrattar Reidar Marstein, som saman med Kjell Bengsten stortrivst med oppdraget dei har teke på seg.