Reduserer rutetilbodet

Heilt sidan 1997 har Nordfjordekspressen hatt tre daglege avgangar frå Måløy og Oslo. Frå 4. januar blir det endringar.

Reduserer tilbodet Nordfjordekspressen som går mellom Måløy og Oslo reduserer reisetilbodet frå januar.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det er dårleg økonomisk utvikling som er årsaka til at Nettbuss frå 4. januar reduserer reisetilbodet med Nordfjordekspressen. Det fortel marknadssjef Svein-Arne Vik i Nettbuss til Fjuken. Sidan 1997 har ekspressbussen som går mellom Måløy og Oslo hatt tre daglege avgangar kvar veg.

– Det har vore litt opp og ned med trafikk gjennom åra. Tidleg på 2000-talet steig trafikken utruleg. Dei siste åra har det butta litt imot, og det har vore ei dårleg økonomisk utvikling. Vi har tapt store pengar på denne ruta. Som ei fylgje av dette, og for at Nordfjordekspressen skal overleve i framtida, må vi gjere nokre grep nå, seier Vik.

Endringa vil i stutte trekk gå ut på at Nettbuss legg ned den eine av dei tre avgangane båe veger, slik at det frå 4. januar blir to daglege avgangar frå Måløy og Oslo i staden for tre.

– Ettermiddagsruta blir lagt ned, seier marknadssjefen i Nettbuss.

Han fortel at det ofte er svært lite folk på desse avgangane, både frå Måløy og frå Oslo. I tillegg blir det nokre endringar på dei andre rutene.

– Morgonavgangen frå Måløy vil få avgang tre timar seinare enn i dag. Dette inneber naturlegvis også at denne bussen vil ha stopp i Bismo, Lom og Vågå om lag tre timar seinare enn den har i dag. Morgonavgangen frå Oslo forblir uendra, og vil ha akkurat dei same rutetidene som i dag, seier Vik.

Når det gjeld nattrutene vil også desse avgangane bli uendra frå både Måløy og Oslo, og altså bli slik som i dag. Svein-Arne Vik fortel at nattrutene frå 4. januar vil ha såkalla dobbeldekkarar, altså bussar med to etasjar.

– Dette blir heilt nytt for Nordfjordekspressen. Denne ruta har aldri tidlegare hatt dobbeldekkarar, seier Vik. Han fortel at halve bussen i den øvste etasjen vil ha ekstra god komfort, som mellom anna betre beinplass.

Marknadssjefen i Nettbuss håpar at passasjerane tek endringane frå 4. januar med fatning, og at dei skjønar at det må grep til for å berge økonomien.

– Dette gjer vi for at Nordfjordekspressen skal kunne overleve i framtida. Det som er beklageleg med dette, er at desse endringane vil gå utover korrespondansen til lokalrutene i Ottadalen, seier Vik.

Han håpar at dette er noko fylkeskommunen eventuelt kan sjå på og tilpasse.

– Vi har dessverre ingenting å gå på sjølve når det gjeld rutetilpassing, sidan bussen som reiser frå Måløy, skal køyre retur omtrent med det same den kjem til Oslo, seier Vik.

Marknadssjefen understrekar at sjølv om det nå blir eit redusert reisetilbod for passasjerar med Nordfjordekspressen, så kan det vere aktuelt å køyre ekstraavgangar i høgtrafikkperiodar som jul, påske og sommar.

Vik fortel også at det ikkje er lagt opp til endringar i trasé- og stoppmønster i dei nye rutetidene som blir gjeldande frå måndag 4. januar.