Annonse på www.fjuken.no?


<b>Naturleg:</b> Egil Barhaugen har pendla til 
Otta i 13 år og ser på regionsenteret som ein 
naturleg arbeidsmarknad.
[16.11.06] Kryssar kommunegrensene for arbeid
Ottadølane ser ikkje på kommunegrensene når dei vel arbeidsplass. Totalt 719
ottadølar reiser på arbeid i ei anna
kommune i regionen enn den dei bur i.




<b>Vil pendle:</b> Lege Merete Byre Forberg er 
etablert med familie i Skjåk, men er innstilt på å 
pendle til Vågå for å arbeide som lege der. Det er 
det fleire grunnar til.
[16.11.06] Merete Byre Forberg har sagt opp
Privatpraktiserande lege i Skjåk, Merete Byre Forberg, har sagt opp. Ho har fått tilbod om jobb som lege i Vågå, og har takka ja til denne.



Fleire bebuarar på strekninga mellom Garmo 
bygdahus og Garmo skule og barnehage har 
skreve seg under eit brev til Lom kommune, der 
dei ber dei kontakte Statens vegvesen for å få 
sikra det dei meiner er ein svært trafikkfarleg 
skuleveg.
[16.11.06] Ber om tryggare skuleveg
Busette langs riksveg 15 mellom Garmo bygdahus og avkøyringa til Garmo skule og barnehage er uroa for det dei meiner er ein trafikkfarleg skuleveg.



<b>Sterke møte:</b> Møtet med denne vesle 
jenta var eitt av mange sterke møter som Marit 
Løkken Bråten opplevde i Uganda.
[16.11.06] På leik og alvor i Uganda
- Nauda var stor, men smila og gleda over leiken var og stor, seier Marit Løkken Bråten. Gjennom organisasjonen Right To Play fekk ho oppleve livet i flyktningleirar i Uganda. Størst inntrykk gjorde møtet med ein liten blind gut.



<b>Øving:</b> Knut Kjøk, Geir Byre, Øyvind 
Bakken og Sigurd Kolden utgjer grunnstamma i 
CD-prosjektet som Geir har sett i gang. 21 
komposisjonar signert Geir Byre skal snart 
spelast inn på CD.
[09.11.06] CD-øving i vaskeriet
«Bak kvite laken» er ein av komposisjonane til Geir Byre som skal spelast inn på CD. Tittelen fekk han ideen til under sommarjobb i Lom vaskeri som også blir nytta som øvingslokal.




Kontakt oss
Hovudkontor, Skjåk
Bisvoll, 2690 Skjåk
Tlf: 61 21 38 60
Avdeling Lom
Flækøybygget
2686 Lom
Tlf: 97 19 69 75
E-post: Trykk her.
Avdeling Vågå
Vågå handelsforening
2680 Vågå
Tlf: 97 09 97 09
E-post: Trykk her.
E-post
Redaksjonell e-post
redaksjon@fjuken.no
Annan e-post
post@fjuken.no
Webdesign | Programmering av Arild Plassen Webgrafisk © 2003