Etter 23 år gler Asbjørn Dagsgard seg over at dialektverket hans endeleg er avslutta. 9. desember lanserer han boka si; «Målet i Lom og Skjåk».
I april i år søkte Ellen Olasveen på den ledige jordmorstillinga i Skjåk.
- Hadde eg visst det eg veit i dag, så hadde eg aldri søkt, seier ho.
At Merete Byre Forberg har sagt opp si stilling som lege i Skjåk, og grunnane til at ho har gjort det, vekkjer reaksjonar. Ordførar i Lom, Simen Bjørgen, fortel at han vil ta initiativ til eit snarleg møte med Skjåk kommune der nettopp legesituasjonen skal stå på sakskartet.
Stig Rune og Merete Byrøygard fryktar steinsprang nedover fjellsida ovanfor huset der dei bur. Dei meiner kommunen er ansvarlege for kostnadene ved byggjing av ein sikringsvoll ovanfor huset.
Sisko Välimaa Waldersløw har til nå drive einsleg i Heggerusten Spa og behandling. Nå får ho selskap av Nina Veslum som etablerer seg med behandling av akupunktur.