Annonse på www.fjuken.no?


Skuffa: Ordførar Simen 
Bjørgen i Lom er skuffa over 
leiinga i Skjåk kommune når 
det gjeld legesaka.
[04.01.07] - Kan ikkje fortsetje slik
- Legesituasjonen kan ikkje halde fram som nå. Noko må gjerast, og det må gjerast fort. Kommunestyret i Lom har bede meg sondere terrenget for å finne nye og betre løysingar enn dei vi har i dag, og det arbeidet er godt i gang, fortel ordførar i Lom, Simen Bjørgen.



Torstein får vorte utdelt Lom 
kommune sitt kulturstipend for 
2006. Her får han overrekt 
sjekk, blomar og heider av 
ordførar Simen Bjørgen.
[04.01.07]  Fekk kulturstipend
For nitten år gamle Torstein Husom frå Lom er det musikk, dans og drama som er dei store lidenskapane. No har han har fått Lom kommune sitt kulturstipend for 2006.



Fotohotell: Asbørn Letrud 
ønskjer å syne fram at Vågå 
Hotel er fotohotellet i Noreg.
[04.01.07] 58 galleri på fotohotellet
Vågå Hotel ønskjer å vere fotohotellet i Noreg. Nå får 58 fotografar i oppgåve å dekorere kvart sitt hotellrom. Galleriromma skal stå ferdige til sommaren.



Mystisk: - For meg ser det ut 
som om øyro er kutta med 
kniv, seier Arne Lien. Private 
foto.
[20.12.06] Fekk heim øyrlaust lam
- Eg kan ikkje skjøne det er rovdyr som står bak dette. Det er ei ubehageleg sak, seier rovviltkontakt Christian Vole. Han fann eit lam i Leiråsen i sommar, og han fann eit øyra. Eigar av lammet, Arne Lien i Bøverdalen, fryktar det er einkvan som rett og slett har brukt kniv og skore båe øyro av lammet.





Lyser ut stillingar: - Vi ser fram 
til å ta i mot søknadene, seier 
dagleg leiar i Vega Partners 
AS, Hans Otto Evensen.
[20.12.06] Fem nye arbeidsplassar i Skjåk
Oslobedrifta Vega Partners AS, som skal etablere seg i Skjåk,
søkjer nå etter fem tilsette.
- Avdelinga i Skjåk skal byggjast opp. Vi treng ein avdelingsleiar og motiverte
rekneskapsarbeidarar. I utgangspunktet søkjer vi erfarne medarbeidarar, men
vi vil og vurdere ein trainee som kan utdannast internt. Eg er sikker på at vi vil finne dyktige menneske både frå Skjåk og området rundt, seier dagleg leiar Hans Otto Evensen




Kontakt oss
Hovudkontor, Skjåk
Bisvoll, 2690 Skjåk
Tlf: 61 21 38 60
Avdeling Lom
Flækøybygget
2686 Lom
Tlf: 97 19 69 75
E-post: Trykk her.
Avdeling Vågå
Vågå handelsforening
2680 Vågå
Tlf: 97 09 97 09
E-post: Trykk her.
E-post
Redaksjonell e-post
redaksjon@fjuken.no
Annan e-post
post@fjuken.no
Webdesign | Programmering av Arild Plassen Webgrafisk © 2003