Rolv Kristen Øygard er Skjåk SP sin ordførarkandidat. Det fortel Kristian Hosar, leiar i nominasjonskomiteen.
Elevbedrifta «Engasjert Skjåkungdom» gjorde suksess med Ole Ivars i Vågåhallen i romjula, men gjev seg ikkje med det. No har gjengen fått med seg ein lomver, stifta ny elevbedrift og slår til med Hellbillies i Presthaugen.
Jon Gunnar Rust, Synnøve Aukrust og Solveig Storlien ved Sparebanken Regnskapskontor i Lom, fryktar for framtida til jordbruket. Dei siste ti åra har mange gardsbruk i Lom halvert årsresultata sine. Dei meiner det må drastiske tiltak til dersom det framleis skal bli produsert mat i landet vårt.
Skjåkstugu skal vidareførast, kaféen skal setjast bort til private og Skjåk kommune vil ta ansvar for å dekkje utgifter til husleige og felleskostnader. Dette vart vedtaket då formannskapet hadde framtida til Skjåkstugu på sakskartet tysdag. Bente Aamodt (AP) var sterkt kritisk og røysta mot.