Vi gror att.
Skoggrensa krek stadig oppover dalsidene våre, og skogen blir stadig tettare og tjukkare.
Far og son Ottar og Ivar Garmo i det nyleg oppstarta Garmo Tynningsdrift syrgjer for at det tynnast litt trerekkjene.
Anne Randi Moen frå Vågå er ein av mange som har vorte råka av den nye folkesjukdommen, type 2-diabetes. Tre trimturar i veka har gjort henne frisk og medisinfri.
Bente Aamodt toppar Skjåk AP si valliste. Med seg på laget har ho ei mengd nye, unge og – ifølgje ho sjølv – svært engasjerte skjåkværar.
Ottadalen Mølle har planar for Ofossen. No er det sett i gang eit forprosjekt som skal sjå på moglegheitene for bygging av eit småkraftverk her.
Frustrasjonen er stor blant dei tilsette i Søre Grindstugu barnehage som driv ei avdeling i Søre huset for andre året på dispensasjon. -Vi som arbeider her har strekt oss langt og slit oss ut, seier verneombod Anne Kari Barhaugen.