Annonse på www.fjuken.no?


Gåvefond: Bruk av Vågå 
kyrkjelyds gåvefond går til 
tiltak i kyrkja og på 
kyrkjegarden. Nye statuttar 
for å gje  gåve til andre 
formål gjennom gåvefondet 
skapar nå strid.
[22.03.07] Kjenner seg lurt av gåvefondet
Ein familie kjenner seg lurt etter at dei bad om at det vart gjeve gåve til Grøn Omsorg gjennom Vågå kyrkjelyds gåvefond. Nye statuttar for gåvefondet gjer at pengane blir fordelt slik at halvparten går til formålet ein ønskjer, resten går til gåvefondet og provisjon.





Nøgde: Gjermund Flaten, 
Jens Torkveen og Nils Henry 
Fosstuen, tre av elleve tilsette 
i Hedda Hytter.
[22.03.07] Går så det syng
Hedda Hytter vart etablert i 2002, og har i alle år streva hardt for å halde hovudet over vatnet. Rekneskapstala har stort sett lyst raudt, men ikkje nå lenger. I fjor gjekk verksemda med 530.000 kroner i overskot, og ordrebøkene er stappfulle.



[15.03.07] Distribusjonsproblem
På grunn av svikt hjå transportøren frå trykkeriet i Ålesund er Fjuken svært forsinka torsdag 15. mars. Abonnentane i Ottadalen vil på grunn av dette ikkje få avisa i postkassa før i morgon, fredag. Vi er svært lei oss for dette!

Last ned Fjuken i PDF-format





Jubel: Dei kosta på seg 
smil, jubel og marsipankake 
på kommunehuset i Vågå 
sist onsdag. Frå venstre: 
Gry Helene Stavseng, 
varaordførar Trond Ole 
Haug, Synnøve Haugen, 
Anne Grethe Pedersen, 
Kari Steihaug og Svein 
Holen.
[14.03.07] 20 nye arbeidsplassar i Vågå
Arbeids- og velferdsetaten etablerer ei ny spesialeining i Vågå, som vil gje 20 nye arbeidsplassar i helsetenesta. Dette vart feira med stor jubel, blautkake og kaffe
onsdag.



Rekord: Administrasjonssjef 
Eli Johanne Lundamo, 
ordførar Ola Stensgård og 
økonomisjef Odd Gudbrand 
Aamodt kan smile blidt grunna 
gode rekneskapstal.
[14.03.07] Rekordresultat i Skjåk
Skjåk kommune fekk eit netto driftsresultat i 2006 på vel 15 millionar kroner.
Overskotet vart på vel 6,2 millionar kroner.
- Det beste resultatet i Skjåk kommune nokosinne, seier ein nøgd ordførar Ola Stensgård.




Kontakt oss
Hovudkontor, Skjåk
Bisvoll, 2690 Skjåk
Tlf: 61 21 38 60
Avdeling Lom
Flækøybygget
2686 Lom
Tlf: 97 19 69 75
E-post: Trykk her.
Avdeling Vågå
Vågå handelsforening
2680 Vågå
Tlf: 97 09 97 09
E-post: Trykk her.
E-post
Redaksjonell e-post
redaksjon@fjuken.no
Annan e-post
post@fjuken.no
Webdesign | Programmering av Arild Plassen Webgrafisk © 2003