Eilev Øverbø (23 år) frå Lom er ein av seks finalistar i kampen om Toneprisen 2007. Finalen skal gå føre seg i Hamardomen.
Ni år gamle Svein Brennhaug frå Skjåk skal ikkje opne munnen i nokor av rollene han har under Kristin-spelet på Jørundgard på Sel i sommar. Men kroppsspråk, utsjånad og utstråling var nok til at rolla som vesle Arne, - og eit par småroller som statist – vart hans.
Den gamle Sterringsbrua i Finndalen er verneverdig og eit monument over norsk bruhistorie. Eit samarbeid mellom Finndalsprosjektet og Vegdirektoratet skal nå ta vare på den gamle brua.
Foreldra i Nordherad har sett i gang ein liten aksjon for å betre skule-skyssen for ungane i grenda.
- Vi finn ikkje dagens ordning lenger akseptabel, seier tre av foreldra.
Den norske kyrkja har overteke ansvaret for trusopplæring for barn og ungdom etter at denne opplæringa ikkje lenger vil gå føre seg i skulen. Lom og Skjåk kyrkjelege fellesråd har fått midlar til eit toårig prosjekt for gruppa 0 til 12 år.