Annonse på www.fjuken.no?


Synfaring: Sterringen var 
eit av stoppunkta under 
synfaringa måndag. Frå 
venstre står Gunnar 
Partapuoli, Trygve Kroken, 
Sander Sælthun, Rolv 
Kristen Øygard, Olger 
Rønningen og Dagfinn 
Claudius.
[15.08.07] Synfaring i Finndalen
Finndalen er vald som eitt av prosjekta innanfor verdiskapingsprogrammet for kulturminne og Nasjonalparkriket. Oppattsetjing av den gamle Sterringsbrua og restaurering av Øvre Haave seter står fyrst på programmet



Varmt: Kursdeltakarane 
fekk erfare at det både var 
varmt og røykfullt å utvinne 
jern. Frå venstre: Rolf 
Johansen, Steinar Sveen, 
Jo Bertoli Storrusten, Jo 
Kåre Bakke, Ivar 
Sagsletten, Kai Valbjør, 
Jens Kåre Holen, Leif 
Løchen, Ole Kluften (delvis 
skjult) og kursleiar Jostein 
Espelund.
[15.08.07] Jernutvinning på Valbjør
I Noreg reknar ein med at jernutvinninga tok til for om lag 2500 år sidan. Det har truleg ikkje vorte utvunne jern på gamlemåten i vårt område sidan 1700-talet, men i Vågå tok dei gamle skikkar i bruk sist helg. Resultat: ein gild jernklump på over to kilo!



Sluttar: Tor og Erik sluttar. Kari 
skal drive vidare.
[15.08.07] To av tre sluttar
Syskena Tor, Kari og Erik Lund eig og driv Fjoset i Lom. Omsetnaden på Fjoset har gått ned dei siste åra, og dei tre tek nå naudsynte grep for snu utviklinga. Tor og Erik sluttar for å finne seg anna arbeid, medan Kari vil halde fram som før.



Med på 
rekordturen (f.v.):  Willy 
Monason Schumacher 
(8 1/2), Bjarte Aagnes, 
Sebastian Aagnes (11, 7. 
turen over breen, har vore 
på 40 toppar over 2000!), 
Tom Stensaker, Michael 
Urbansky, Kerstin Zalewski 
og Mona Skjegstad.
[08.08.07] Rekordmannen
- Lev mest og best av det livet du lever, og ikkje berre av dei kronene du tener.
Dette kan vera ei oppsummering etter møtet med 53 år gamle Tom Stensaker frå Oslo som tysdag sette ein truleg uslåeleg rekord i fjellheimen vår. Da førte han nemleg over Smørstab-breen mellom Leirvassbu og Krossbu for 500. gong. I tillegg har han vore i Blåisen 100 turar og 25 gonger på Storebjørn.



Bruplanar: Vertskapet på 
Gjendesheim turisthytte 
ønskjer å byggje bru over 
Sjoa. - Ei bru vil lette ferdsla 
over elva for fotturistar og 
til fiskeplassar på båe sider 
av elva, seier Olav Gaute 
Vole. Brua er tenkt plassert 
200 meter nedanfor 
parkeringsplassen til 
turisthytta.
[08.08.07] Vil byggje bru over Sjoa
Vertskapet på Gjendesheim turisthytte ønskjer å etablere ein turstig langs Sjoa mellom Gjendesheim og Kråkåhølen, og byggje bru over Sjoa.




Kontakt oss
Hovudkontor, Skjåk
Bisvoll, 2690 Skjåk
Tlf: 61 21 38 60
Avdeling Lom
Flækøybygget
2686 Lom
Tlf: 97 19 69 75
E-post: Trykk her.
Avdeling Vågå
Vågå handelsforening
2680 Vågå
Tlf: 97 09 97 09
E-post: Trykk her.
E-post
Redaksjonell e-post
redaksjon@fjuken.no
Annan e-post
post@fjuken.no
Webdesign | Programmering av Arild Plassen Webgrafisk © 2003