- Vi blir stadig færre innbyggjarar og får derfor mindre grunnlag for inntekter. Då kan ikkje antal tilsette berre vekse, sa ein streng økonomisjef Odd Gudbrand Aamodt då han orienterte formannskapet i Skjåk om den økonomiske stoda tysdag.
Heile flokken til Vågå tamreinlag gjekk fri for becquerel under slaktinga på Valdresflya denne veka.
- Dette kan vi rope hurra for, seier formann Pål Grev.
Vågå kan bli fyrste kommunen i landet med satsing på Regnmakerne i skulen. Fabelaktiv som produserer Energikampen utfordrar Vågå kommune om å bli med på eit prøveprosjekt der energi og miljø er tema.
- Det er nødvendig å sjå på konsekvensane for riksveg 15 når den auka trafikken frå Kvivsvegen kjem, seier Torstein Rudihagen.
Heile 48 elevar har starta vidaregåande utdanning i Lom dette skuleåret. 36 av dei går i det som nå blir kalla Studiespesialiserande VG1. Så stor er denne gruppa at dei mellombels lyt bruke lokale på praktisk avdeling ved skulen. Det blir så snart som råd lagt til rette for at dei kjem ned i Drengjestugu.