Bente Aamodt og Skjåk Arbeiderparti vart den store vinnaren av kommunevalet i Skjåk. Senterpartiet og Rolv Kristen Øygard sit likevel att med fleire representantar i det nye kommunestyret og både dei og Ap er avhengige av støtte frå Bygdalista for å setja seg i førarsetet.
Saueigarane i Russdalen beitelag saknar 100 lam. Til nå er over 30 kadaver funne. Jerven har skulda. Nå krev saueigarane at skadedyret blir teke ut.
Arbeidarpartiet og Rune Øygard vart den store vinnaren av valet i Vågå med 70 prosent av stemmene.
- Eit stort ansvar med eit slik resultat, seier ordførar Rune Øygard.
Det var stor stemning på valvaka til Lom senterparti måndag kveld og natt. 735 lomværar røysta Senterpartiet. Det utgjer 64,8 prosent, som er Senterpartiets beste valresultat i Lom nokosinne.
Situasjonen for barnevernet i Skjåk har vore lite haldbar det siste året. Dette kom fram då sektorleiar for personal, kompetanse og utvikling, Unnvald Bakke, orienterte formannskapet om stoda tysdag.