Vågå kommune har oppdaga seks hyttetun ved Nedre Heimdalsvatnet. Nå ber kommunen om å få tilsendt teikningar av hyttene for om mogleg å finne ut kva tid dei er sett opp.
Torkjel Solbakken og hunden Pia vart sist laurdag noregsmeister i bruk av gjetarhund. Dermed gjentok dei bragden frå i fjor.
Elin Fallingen har sagt opp som kafévert i Skjåkstugu, og tysdag skulle formannskapet ta stilling til kva som skulle gjerast. Saka vart utsett til 18. oktober, men utløyste ein generell debatt om informasjon og pengebruk.
Eit møte ved grinda på Fjellheim i Nordherad har ført til etablering av verkstad for skinnfellmakeri og vevstue. Grethe Skauen og Karin Th. Pedersen har funne det god liv i Nordherad og har starta verkstad saman i ei gamal tømrastugu.
- Kom hit gut, skal du få sjå. Odd Husom finn eit gamalt, fint dekorert blekkskrin. Ikkje berre er sjølve skrinet interessant for Odd, det som er inni er kanskje enda meir verdfullt.