Annonse på www.fjuken.no?


- Dette blir flottaste ljosløypa i Nord-
Gudbrandsdalen, seier Pål Arne Snerle.
[31.10.07] Ny ljosløype på Heidalsskogen
- Dette blir flottaste ljosløypa i Nord-Gudbrandsdalen, seier Pål Arne Snerle. Han leiar anleggskomiteen i skisamarbeidet mellom Lalm og Heidal på Heidalskogen.



[24.10.07] Formannskapet:
Krev retningsliner og tiltak

Rot og skrot på industriområda i Vågåmo og Lalm har vorte ei stor utfordring for Vågå kommune. Nå krev formannskapet klare retningsliner for etablering og tiltak når nabotomter er til hinder for drift og utvikling.



Uformelt: - Vi skal diskutere politikk, men ingen 
vedtak vil bli fatta, fortel varaordførar Astrid 
Gjertsen. Arkivbilete.
[24.10.07] Har «hemmelege» leiarmøte
Det er etablert ei ny, politisk leiargruppe i Skjåk. Gruppa skal etter planen ha faste møte i tida framover. Varaordførar Astrid Gjertsen fortel at møta ikkje vil bli annonsert. Heller ikkje vil pressa bli invitert. Det fyrste møtet vart halde på kommunehuset måndag kveld.



Lærer å skjere kjøt: 
Tidlegare kjøtskjerar Odd 
Leirflaten har ikkje gløymt 
gamle kunster. Han skal 
lære Leif Skiaker og May 
Trine Bøhle å skjere ned 
kjøt, ein produksjon Skjåk 
Tørkekjøt har byrja med i 
haust for å få fleire føter å 
stå på.
[24.10.07] Skjåk Tørkekjøtt utvidar:
nedskjering av vilt

Liten og usikker tilgang på råstoff til turkekjøtproduksjonen er hovudårsaka til at Skjåk Tørkekjøtt har sett seg nøydd til å finne fleire føter å stå på. I haust har bedrifta til Liv og Leif Skiaker fått autorisasjon for nedskjering av kjøt.



Ansvar: - Som yrkessjåfør 
er det mitt ansvar å 
vurdere om stoppen ved 
Nordgard Snerle skal 
brukast, seier Karl Olav 
Kleiven. Inntil vidare får 
Nina Garmo bruke 
skulebussen.
[17.10.07] Busstopp i autovernet
I mangel av busslomme går Nina Garmo av skulebussen i ei opning i autovernet. Nå krev sjåfør Karl Olav Kleiven at noko blir gjort før det skjer ei ulykke.




Kontakt oss
Hovudkontor, Skjåk
Bisvoll, 2690 Skjåk
Tlf: 61 21 38 60
Avdeling Lom
Flækøybygget
2686 Lom
Tlf: 97 19 69 75
E-post: Trykk her.
Avdeling Vågå
Vågå handelsforening
2680 Vågå
Tlf: 97 09 97 09
E-post: Trykk her.
E-post
Redaksjonell e-post
redaksjon@fjuken.no
Annan e-post
post@fjuken.no
Webdesign | Programmering av Arild Plassen Webgrafisk © 2003