Formannskapet i Skjåk er skeptiske til at Skjåk Energi kan drive knoppskyting og satse pengar i andre bedrifter.
- Det er naturleg å vere skeptisk i desse Terra-tider, slo ordførar Rolv Kristen Øygard fast.
Norges Automobl-Forbund (NAF) kastar seg inn i kampen for høgare standard på stamvegnettet riksveg 15, Eiksund- og Kvivsvegsambandet. I går inviterte dei til informasjonsmøte på Grotli, der mellom andre representantar både frå Statens vegvesen, Kvivsvegen AS og det regionale samferdselsutvalet deltok, saman med NAF sine eigne representantar.
Vågå seier nei til felles legevaktsamarbeid og set truleg spikaren i kista for eit felles legevaktdistrikt for Skjåk, Lom, Vågå og Sel.
Haustkvelden under Lomseggen fredag kveld vart Lom Heimbygdslag sin store kveld. Jorunn Kvale fekk Lom kommune sin kulturpris for 2007 og Atle Brandsar vart tildelt kulturstipendet.
Skjåk Energi ynskjer ei raskast mogleg utbygging av fiberbreiband i Skjåk, og nå tyder alt på at draumen skal gå i oppfylling. Eidsiva Bredbånd AS, som er Hedmark og Opplands største regionale leverandør av breiband, har bestemt at Skjåk får vere pilotkommune og dermed aller fyrst.