I Skjåk skal Per Jakob Bolstad redusere si pasientliste. Naturleg nok må da einkvan miste han som fastlege. Men kvifor får da andre, som har hatt annan fastlege, Bolstad som sin nye fastlege?
Fleire og fleire lomværar skaffar seg hest, store som små. Vårdalen køyre- og ridelag arbeider nå for å etablere eit hestelag for alle, slik at også bøverdølar, liingar og dei frå sentrum kan vere med.
Eit nytt år er snart til endes og dette er siste Fjuken dette året. I den svært fyldige papirutgåva kan du mellom anna lese om fylgande:
• Jonas i tårnet
• På austerveg med Marit
• Det gode liv på Jesperplassen
• Med hjartet på rette staden
• Alma Høgvoll
• Norgeskjend Råkåfisk frå Vågå
• Kjevlemannen
• aktuelt og julestoff frå dei fleste grender i Ottadalen. Har du ikkje fått Fjuken i postkassa - ting eit abonnement eller kjøp avisa i laussal!
AS Vinmonopolet har vore på befaring i Lom, og skal bestemme seg for kvar dei vil leggje polutsalet. Etter det Fjuken har grunn til å tru, vil AS Vinmonopolet leggje utsalet til Flækøybygget på Fossbergom, i butikken etter «Eva`s Studio».
- Dette kan vi ikkje akseptere, seier folket i Skårvangen som bur inntil vegen frå Megarden til Skjerstulen. Nå rustar dei til kamp mot kommunen sitt forslag om å privatisere kommunale vegar.