Annonse på www.fjuken.no?


Saman for vidare drift på 
ysteriet.  Rune Bergheim 
lagar verdas beste raudost, 
Ola Bøye leier ei 
arbeidsgruppe som ynskjer 
å sikre framtidig drift.  
Mellom seg og på veggen 
bak har dei synlege bevis 
på kvaliteten i 
produksjonen.
[23.01.08] Arbeidsgruppa for ysteriet:

- Det er svært liten produksjon av brunost annan stad i verda enn i Noreg. På Tine Lom og Skjåk finn ein dei som er best i vårt land på brunostproduksjon, seier Ola Bøye.
Snart skal han, saman med ei arbeidsgruppe nedsett av Regionrådet, orientere arbeidsutvalet i rådet om deira arbeid og idear for vidare liv for ysteriet.



Glad: - Eg er veondeleg glad 
for at fylkesmannen vil sjå på 
dette, sa ordførar Rolv Kristen 
Øygard.
[23.01.08] Glad for brev frå fylkesmannen
- I avisene har det vore fokus på at vi driv med politisk snusk i Skjåk. Slik vinklinga har vore frå avisene, er eg veondeleg glad for at fylkesmannen vil sjå på dette, sa ordførar Rolv Kristen Øygard på formannskapsmøtet tysdag.



Matias og mamma i knipe: 
Ti månader gamle Matias 
Mork Remen får ikkje 
barnehageplass når 
mamma Ingvild går ut i 
arbeid etter 
barselpermisjon. - 
Kommunen må ikkje skryte 
av full barnehagedekning, 
meiner mamma Ingvild 
Mork.
[23.01.08] Fulle barnehagar i Skjåk:
Ingen plass til Matias

Ti månader gamle Matias Mork Remen og mamma Ingvild Mork er i knipe. Ingen av barnehagane i Skjåk, verken kommunale eller familiebarnehagar, har plass til den vesle ljosluggen. Han treng plass fire dagar i veka. - Vi kan tilby berre ein til tre dagar, seier Unnvald Bakke, leiar for personale, kompetanse og utvikling i Skjåk kommune.



Diplom: Tosten Welve passerte 8848 
høgdemeter tysdag, og er dermed den tredje 
eleven ved Odda skule som har passert Mount 
Everest. Stein P. Aasheim overrekte både diplom 
og bok til den spreke bøverdølen.
[16.01.08] Fullstappa på Everest-foredrag
Gymsalen på Odda skule i Bøverdalen var stappfull då Stein P. Aasheim heldt sitt Everest-foredrag tysdag kveld. Han hadde køyrt frå Isfjorden til Bøverdalen for å halde foredraget gratis.
- Det gjer eg fordi eg er så imponert over elevane ved Odda skule, sa Aasheim.



Avslag: Ruth og Hans Olav Fjellheim er 
oppgjevne over avslaget på 
erstatning. Men dei gjev ikkje opp kampen.
[16.01.08] Festar jorda – får ikkje erstatning
Ruth og Hans Olav Fjellheim opplevde at ein bekk raserte jordet på setra deira på Russvangen. Dei får ikkje erstatning fordi setra ligg på statsgrunn, i statsallmenningen i Sjodalen.




Kontakt oss
Hovudkontor, Skjåk
Bisvoll, 2690 Skjåk
Tlf: 61 21 38 60
Avdeling Lom
Flækøybygget
2686 Lom
Tlf: 97 19 69 75
E-post: Trykk her.
Avdeling Vågå
Vågå handelsforening
2680 Vågå
Tlf: 97 09 97 09
E-post: Trykk her.
E-post
Redaksjonell e-post
redaksjon@fjuken.no
Annan e-post
post@fjuken.no
Webdesign | Programmering av Arild Plassen Webgrafisk © 2003