- Det er viktig med ei utviding av industriområdet på Lalm, seier Gjermund Øihusom i Sinclair Eiendom AS. Bedrifta investerer nå 2 millionar kroner i nytt industribygg på Kolbotten.
Torstein K. Garmo vart valt som formann i Bygdalista i Lom i oktober i fjor. Nå har han trekt seg.
- Eg ser ingen vits i å sitje som formann når det det ikkje blir teke omsyn til det eg meiner, seier Garmo.
Vågå kommune får tilbod om fri bruk av Jutulheimen i samband med kommunale aktivitetar for å stimulere til meir aktivitet.
I purkefjøset i Aurmoen, navet til Aura Gris, er det plass til 945 purker. I dag er det omkring 850 purker i fjøset. Dette er for lite, meiner styret. Dei ynskjer seg fleire satellittar.
- Nå ligg det til rette for gode prisar på gris, seier styreleiar Ståle Bøje og styremedlem Ivar Kummen.
Det er på tur mange spennande planar i Lom sentrum om dagen. Lom coop skal byggje ut og utvide varehuset, og nå har Kiwi bestemt seg for å gjere det same. Butikken skal byggjast ut og utvidast med 377 kvadratmeter.