Annonse på www.fjuken.no?


Thorstein Åmodt beklagar 
ovanfor Marius Jøingsli det 
sjokket han fekk da han 
kom på arbeid sist torsdag.  
- Dette skal ikkje skje, og 
vil ikkje skje att, vi skal 
sikre bana vår enda betre, 
lovar leiaren i Lom og Skjåk 
skyttarlag.
[13.02.08] Gjennomskyting av stål og vegg: Eit ubehageleg sjokk
Vaktmeister Marius Jøingsli fekk seg litt av eit sjokk da han kom på arbeid sist torsdag. Ved arbeidsbenken i verkstaden hans på Nordberg skule var det eit knyttnevestort hol i murveggen. Veggen var rett og slett gjennomhola av skot frå skytebana i rommet ved sidan av.



Utanfor vernesona: 
Kommunestyret i Vågå vil ha 
Knutshø utanfor vernesona for 
Jotunheimen nasjonalpark.
[13.02.08] Vil ha Knutshø utanfor nasjonalparken
Vågå kommunestyre går imot at vernesona for Jotunheimen nasjonalpark blir utvida til å gjelde Knutshø, men ønskjer at det blir opna for cruiseliknande tilbod på Gjende.



Samarbeider: Jon Gjeilo, 
Morten Schakenda og 
Magnar Mundhjeld ser 
store moglegheiter for 
Fosstuguområdet.
[13.02.08] Saman om næringsutvikling
Kvar for seg har dei planar for utvikling av eigne bedrifter. Saman har dei planar om utvikling av heile Fosstuguområdet. Mykje spennande er på gang i Lom sentrum.



Krev pengar: 
Korrespondansen starta med 
eit brev frå Bjørn Bakke, som 
er tenesteleiar for helse- og 
velferd i Lom kommune.
[06.02.08] Refusjonskrav fram og attende
Lom kommune og Skjåk kommune har sendt kvarandre fleire brev der det blir hevda at dei skuldar kvarandre pengar. Saka handlar om refusjonskrav i høve legevakt.



Saman for Klones.  
Styreleiar i Klones AS og 
skuleavdelingsleiar Ivar 
Bronken er båe avhengige 
av elevar og nye 
inntektsgjevande tiltak for å 
berge skulen.
[06.02.08] - Spennande, men dyr gåve
Vågåordførar Rune Øygard var tydeleg på at det ikkje er aktuelt for Vågå kommune å subsidiere drifta på Klones. Skillingane renn ut, men for lite kjem inn. Det vart ikkje drege løysande konklusjonar på møtet som Klones AS og Vågå Bondelag inviterte til fredag.




Kontakt oss
Hovudkontor, Skjåk
Bisvoll, 2690 Skjåk
Tlf: 61 21 38 60
Avdeling Lom
Flækøybygget
2686 Lom
Tlf: 97 19 69 75
E-post: Trykk her.
Avdeling Vågå
Vågå handelsforening
2680 Vågå
Tlf: 97 09 97 09
E-post: Trykk her.
E-post
Redaksjonell e-post
redaksjon@fjuken.no
Annan e-post
post@fjuken.no
Webdesign | Programmering av Arild Plassen Webgrafisk © 2003