Statssekretær i Miljøverndepartementet, Heidi Sørensen, utnemnte i går Lom og Skjåk som nasjonalparkkommunar. Fossbergom vart ein av fem som får status som nasjonalparklandsby.
Det er framleis usikkert kva som var grunnen til den dramatiske straumstansen i Skjåk seint på kvelden torsdag i førre veke. Det som er sikkert, er at det vart både mange og store skadar etter hendinga.
Det vart suksess for vinterfestivalen Bøverbrus i helga med mange spektakulære arrangement. Her var fartsfest, adrealinkick over Geidde og samtidskunst som smeltar...
Murar blir rive i kjellaren på Vågå handelsforeining for å gje plass for bowlinghall. Svein Rune og Tom Erik Damstuen håpar på å opne for publikum i månadsskiftet mai/juni.
Forprosjektet for kraftutbygginga i Ofossen er avslutta. Konklusjonen er at ei utbygging kan gjennomførast. Kva tid ho kan ta til er framleis usikkert, men dagleg leiar Nils Olav Fosstuen i Norgesfor Ottadalen Mølle håpar å realisere planane i løpet av eit par år.