Annonse på www.fjuken.no?


Myllargutane:  Styret kunne 
gle seg over eit godt 
resultat i 2007.  Frå 
venstre:  Harald Sve 
Bjørndal, dagleg leiar Nils 
Olav Fosstuen, Håkon 
Øverli, styreleiar Anders 
Svare, Rolv Vaagaasar, 
Sigurd Sveen og Gudbrand 
Skjaak.
[12.03.08] Godt år for mølla
2007 var eit rekordår for Ottadalen Mølle. Med ein omsetnad på vel 102 millionar kroner er det ei auke med over fem millionar frå året før. 70 prosent av omsetnaden er kraftfor, resten er butikkdrift.



Farbar is: Måndag vart isen 
på Gjende funne godkjent 
og farbar i påska. Magne 
Steinehaugen og Tor Erik 
Moen frå Besseggen 
Fjellpark Maurvangen, og 
Olav Gaute Vole frå 
Gjendesheim sjekka kor 
tjukk isen er.
[05.03.08] Endeleg is på Gjende
- Påska er redda, seier Olav Gaute Vole på Gjendesheim turisthytte. Måndag vart isen på Gjende måla og funne farbar til påske.




ike blide: Montørane 
Arnstein Sperstad og Ove 
Teigen har hatt ein stri tørn 
sidan straumbrotet i Skjåk. 
Saman med dei andre 
montørane i Skjåk Energi 
har dei gjort ein stor 
innsats, noko dei fortener 
ros for. Men like blide er 
dei, trass i at dei har meir 
enn nok å jobbe med 
framleis...
[05.03.08] Straumbrotet 22. februar:
Lynnedslag truleg grunnen

Skjåk Energi og Eidsiva Vannkraft har nå kome til ein førebels konklusjon etter straumbrotet i Skjåk seint på kvelden den 22. februar. Eit lynnedslag utløyste kraftig spenningsstigning i Statnett sin transformatorstasjon i Vågåmo, og er truleg årsaka til elendet.



Grunn til å smile: Harald de 
Presno framfor fabrikken 
han starta i byrjinga av 
nittitalet. I år kan Interfil vise 
til dei beste årsresultata 
nokon gong.
[05.03.08] Interfil:
Beste driftsår nokon gong

Luftfilterbedrifta Interfil i Bismo går så det susar. Driftsinntektene auka frå 64,1 millionar kroner i 2006 til 71,4 millionar i 2007. Dette er ein auke på 7,3 millionar eller 14,2 prosent, som fører til eit overskot på over 6,2 millionar.



Byggjeplass: Skuleplassen på 
Lalm oppvekstsenter er 
omgjort til byggjeplass. 
Grunnmuren til den nye 
barnehagen er på plass.
[27.02.08] Skule på byggjeplass
- Elevane har takla dette fint, seier rektor Gunn Oddveig Berg på Lalm oppvekstsenter. I vinter er skuleplassen omgjort til byggjeplass.




Kontakt oss
Hovudkontor, Skjåk
Bisvoll, 2690 Skjåk
Tlf: 61 21 38 60
Avdeling Lom
Flækøybygget
2686 Lom
Tlf: 97 19 69 75
E-post: Trykk her.
Avdeling Vågå
Vågå handelsforening
2680 Vågå
Tlf: 97 09 97 09
E-post: Trykk her.
E-post
Redaksjonell e-post
redaksjon@fjuken.no
Annan e-post
post@fjuken.no
Webdesign | Programmering av Arild Plassen Webgrafisk © 2003