Annonse på www.fjuken.no?


Ambulansetilsette: Hanne Stokke Moen og 
Ludvig Steen er to av mange tilsette ved 
ambulansestasjonen i Lom. Dei er ikkje nøgde 
med lokala.
[26.03.08] Misnøgde med ambulansestasjonen
Dei tilsette ved ambulansestasjonen i Lom er svært misnøgde med lokala i den gamle fødestugu på helseheimen. I eit brev til Sjukehuset Innlandet fortel dei om dårleg ventilasjon, vasslekkasjar, dårleg kvalitet på drikkevatnet, dårlege dusj- og garderobetilhøve, manglande lagerplass, manglande uteplass og kald garasje.



Lærer spansk nå:  Av 17 elevar i 9. klasse ved 
Skjåk ungdomsskule, ynskjer ti å begynne i Lom 
om det blir spanskopplæring der.
[26.03.08] Kunnskapsløftet i vidaregåande:
Utfordringar med det andre framandspråket

Ved innføringa av nye læreplanar i 2006, Kunnskapsløftet, vart det mellom anna innført eit andre framandspråk i ungdomsskulen. Det vart òg gjeve øyremerka middel til vidareutdanning i språkfag for lærarar.



Prosjekt: Arbeidet for å redusere ufrivillig 
deltid blir organisert med eiga prosjektgruppe 
og tre arbeidsgrupper. Onsdag var det 
oppstartmøte der ein gjekk gjennom mandatet 
for arbeidet og diskutere opplegget i det 
arbeidet som skal gjerast. 
Frå venstre sit Svein Holen, Synnøve 
Haugen, Kitt Heidi Telebond, Edel Kveen, 
Elisabeth Øvstedal og Anita Stokstad. Bak 
står Tanja Steinfinsbø, Grete Haug, Hans 
Magne Ramen,
[26.03.08] Prosjekt om ufrivillig deltid
Alle tilsette i småstillingar i pleie og omsorg i Vågå kommune får nå tilbod om 50 prosent stilling. Arbeidet med å redusere ufrivillig deltid blir organisert med eiga prosjektgruppe.




Hotellplanar: Erik Lillebråten har arbeidd med 
hotellplanane på Klonesodden i eitt år. Nå ventar 
han spent på utfallet av reguleringsplanen.
[12.03.08] Miljøhotell og landemerke
Eit nytt hotell på Klonesodden skal vere eit pilotprosjekt innan reiseliv, arkitektur og miljø. Planane for Vågå sitt nye landemerke vart presentert onsdag.



Spesialitet-merke: Skjåkpølsa, produsert av 
Skjåkmat AS i Bismo, fekk onsdag 
kvalitetsmerket Spesialitet frå KSL Matmerk 
(tidlegare Godt Norsk). For familien Brenna, 
f.v. Ove, Sissel, Gunvor, Per Ivar og Gro, 
betyr denne godkjenninga at mange års 
arbeid for god matproduksjon har fått si 
belønning. T.v.: Leiar for marknadstenester i 
KSL Matmerk, Frode Kristensen, assosiert 
skjåkvær, med godt nettverk og mange 
opphald i bygda. T.h.: Arne Sverre Modahl, 
marknadsdirektør i KSL Matmerk, bergensar 
som er svært imponert over alle kvalitetane 
bygda kan by på både når det gjeld mat og 
natur.
[12.03.08] Skjåkmat AS fekk høgthengjande godkjenningsmerke
Den lokale matproduksjonsbedrifta Skjåkmat AS i Bismo fekk onsdag den svært høgthengjande Spesialitet-godkjenninga for Skjåkpølsa av KSL Matmerk. Skjåkbedrifta er den fyrste i heile Gudbrandsdalen som får denne godkjenninga.Til nå har berre 38 bedrifter i heile Norge oppfylt dei strenge krava eit produkt må tilfredsstille for å få spesialitetdiplomet.




Kontakt oss
Hovudkontor, Skjåk
Bisvoll, 2690 Skjåk
Tlf: 61 21 38 60
Avdeling Lom
Flækøybygget
2686 Lom
Tlf: 97 19 69 75
E-post: Trykk her.
Avdeling Vågå
Vågå handelsforening
2680 Vågå
Tlf: 97 09 97 09
E-post: Trykk her.
E-post
Redaksjonell e-post
redaksjon@fjuken.no
Annan e-post
post@fjuken.no
Webdesign | Programmering av Arild Plassen Webgrafisk © 2003