Driftsresultatet for hyttebedrifta Skjåk Hedda Hytter i 2007 har overgått alle forventningar. Mot eit resultat for 2006 på vel 586.000 kroner er resultatet for fjoråret nesten firedobla, og ligg på noko over 2,2 millionar.
Importøren av JCB-traktorar i Norge etablerer ei ny sals- og serviceavdeling i Vågå. Avdelinga i Vågå får agenturet av traktormerket i tre fylke.
Skredredning handlar om tid og effektivitet. Det handlar ikkje om fjåsete og panikkarta graving etter at ein har gjort funn under snøen.
Else Breden i Vågå har gjeve ei pengegåve på 30.000 kroner til dyrevernnemnda for Vågå, Lom og Skjåk slik at nemnda kan utføre fleire kontrollar for å hindre dyretragedier.
Ordførarane i Lesja, Vågå og Skjåk var torsdag samla for å drøfte den nye ambulanseplanen som nyleg vart lagt fram. Dei spara ikkje på krutet da dei fyra laus mot planen.