Torsdag kveld køyrde to semitrailarar med noko spesiell last ut frå Bismo industrier. Dei store tankane vart eskortert av to fylgjebilar og ein politibil. Det endelege målet for transporten er sørishavet!
I 2006 gjekk ein gjeng gardbrukarar i Lom saman og stifta Lom bygdaservice BA. Dei hadde sitt fyrste heile driftsår i 2007, og kan sjå attende på ein fantastisk suksess. Laget hadde i fjor 54 oppdrag og har tilsaman fakturert 900.000 kroner for desse oppdraga.
Driftsresultatet for hyttebedrifta Skjåk Hedda Hytter i 2007 har overgått alle forventningar. Mot eit resultat for 2006 på vel 586.000 kroner er resultatet for fjoråret nesten firedobla, og ligg på noko over 2,2 millionar.
Importøren av JCB-traktorar i Norge etablerer ei ny sals- og serviceavdeling i Vågå. Avdelinga i Vågå får agenturet av traktormerket i tre fylke.
Skredredning handlar om tid og effektivitet. Det handlar ikkje om fjåsete og panikkarta graving etter at ein har gjort funn under snøen.