Fire gutar frå Vågå køyrde 475 kilometer til Bergen for å kjøpe russebil. Og det er ikkje kva som helst til russebil. Bilen, El Diablo, har to gonger vore kåra til årets russebil.
Den 2. mai kom to lam til verda hjå Syver Åmot i Heggerusten. Vanleg fødselsvekt på eit lam er rundt seks kilo. Dette tvillingparet vog 1,4 kilo, - til saman!
Tolv år gamle Mari Storrvik eig ei søye som er tre år eldre enn henne. Sist fredag fekk gammelsøya på 15 år eit lam. Er dette ny noregsrekord?
I helga gjekk «fjelltelemarkens råaste utfordring» føre seg på Halsen ved Jotunheimen Fjellstue. Loftsrennet vart eit vellukka renn på alle måtar.
Det som såg ut til å bli arvestrid og gravferd, vart i staden bryllaupsplanar og fest. UL Fram syrgde for at publikum kosa seg i Marlo grendahus fredag kveld.