Lars Formo på Storrvik gard ønskjer å avstå grunn for å få bygd gang- og sykkelveg mellom Tessanden og Storviksroa. Tysdag 27. mai kjem distriktsvegsjefen for å sjå på prosktet.
Lom kommune profilerer seg som ei miljøbygd og som ein nasjonalparklandsby. Likefullt er bygda full av gamle bilvrak. Nå tek ordførar Simen Bjørgen initiativ til å rydde opp. Dersom folk ikkje vil, så skal dei.
Fire gutar frå Vågå køyrde 475 kilometer til Bergen for å kjøpe russebil. Og det er ikkje kva som helst til russebil. Bilen, El Diablo, har to gonger vore kåra til årets russebil.
Den 2. mai kom to lam til verda hjå Syver Åmot i Heggerusten. Vanleg fødselsvekt på eit lam er rundt seks kilo. Dette tvillingparet vog 1,4 kilo, - til saman!
Tolv år gamle Mari Storrvik eig ei søye som er tre år eldre enn henne. Sist fredag fekk gammelsøya på 15 år eit lam. Er dette ny noregsrekord?