Annonse på www.fjuken.no?


Konsert: 14. november blir det konsert i 
Vågåkyrkja med Arve Tellefsen.
[13.08.08] Konsert med Tellefsen
Fredag 14. november er det duka for ein stor førjulskonsert i Vågåkyrkja med fiolinisten Arve Tellefsen. Konserten er ein dugnad for å etablere eit Galleri Krogvold i Vågå



Klare for nytt skuleår:  Torgeir Ødegård og 
nytilsett rektor ved Skjåk ungdomsskule, Trude 
Teigen er klare for nytt skuleår og nye 
utfordringar.  Dei gler seg over at lærebøkene er 
på plass.
[13.08.08] Vanskeleg å skaffe kvalifiserte lærarar
Nær halvanna stilling på Skjåk ungdomsskule er dekt av personell utan formell lærarutdanning. I tillegg må lærarar undervise i fag dei ikkje har fagkompetanse i. Generelt har det vore vanskeleg å få lærarkabalen til å gå opp i Ottadalen.



Klimaforsking: Tyske forskarar frå 
Universitetet i Bonn brukar området ved 
Jettjønn for å studere endringar i klima. 
Forskingsprosjektet er ein del av ei større 
europeisk forsking på klima under namnet 
«Mount-warm». Her er tre av forskarane 
samla ved ein prøvebinge for 
vegetasjonflytting. Frå venstre sit biolog Ulrike 
Löfler, professor Jørg Löfler med sonen Juri 
på fanget,  og studenten Nils Hein som skal ta 
doktorgrad i høgfjellsøkologi.
[06.08.08] Klimaforsking på Jetta
Universitetet i Bonn har dei siste 15 åra drive eit forskingsprosjekt i området ved Jettjønn der ein undersøkjer og overvakar biologiske og økologiske effektar av endringar i klima.



Trafikkskule: Easyteach AS har eigne bilar som 
elevane køyrer og «trenar» med.
- Planen er å kome i gang allereie i haust, fortel 
dagleg leiar Per Teigen.
[06.08.08] Trafikkskule til Lom
Easyteach AS er ein offentleg autorisert trafikkskule for personbil, lastebil, buss og vogntog. Verksemda vart etablert i 1995 og er stasjonert på Jessheim og Kongsvinger. Nå planlegg Easyteach AS å etablere avdeling i Lom.



Sjeldan mygg: Forskarar fann i sommar ein 
sjeldan fjørmygg ved Steinbuvatnet nedunder 
Glittertind. Arten «Micropsectra borealis» er med 
sikkerheit lokalisert to plassar i verda; her og på 
Novaja Selmja i Russland.
[06.08.08] Sjeldan fjørmygg ved Steinbuvatnet
To forskarar frå Vitenskapsmuseet – NTNU i Trondheim fann i sommar att ein myggart ved Steinbuvatnet nedunder Glittertind som sist var registrert i 1957. Denne sjeldne og spesielle fjørmyggen med namnet «Micropsectra borealis» finst også på Novaja Selmja i Russland.




Kontakt oss
Hovudkontor, Skjåk
Bisvoll, 2690 Skjåk
Tlf: 61 21 38 60
Avdeling Lom
Flækøybygget
2686 Lom
Tlf: 97 19 69 75
E-post: Trykk her.
Avdeling Vågå
Vågå handelsforening
2680 Vågå
Tlf: 97 09 97 09
E-post: Trykk her.
E-post
Redaksjonell e-post
redaksjon@fjuken.no
Annan e-post
post@fjuken.no
Webdesign | Programmering av Arild Plassen Webgrafisk © 2003