«Nord-i Skaarvangje paa Vaagaa voks de upp ei jente, som va saa maakaalous vakker, at ho va namnspord for di og vart kalla Skaarvangs-sole».
Alv Kristian Holø (14) var på treningsleir med gutelaget til fotballklubben Brann fyrste veka i august. Han hadde eit strålande treningsopphald, og imponerte gutelagstrenar Arne Soltvedt. Nå vil Alv gjerne flytte til Bergen...
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har pålagt Glommen og Lågens brukseierforening (GLB) å fjerne brakke, lagerhus, taubane, telefonline og trappa ned til dammen i Rauddalen.
– Dersom opplæringa på Klones vert avvikla er vi redde at dette kan vera slutten for ei vidare naturbruksopplæring for fjelljordbruket, skriv dei tillitsvalde for fagforeiningane ved skulen i eit brev til Fylkesutvalet i Oppland. Klones si framtid som skulestad for naturbruksopplæring skal avgjerast i Fylkesutvalet 9. september.
Partiet Venstre skal i januar neste år feire jubileum. Då er partiet 125 år. Anne Eggen frå Lom er på mange måtar historisk i denne samanhengen. I 1894 vart ho nemleg valt til Noregs aller fyrste kvinnelege formann i eit politisk parti; Loms Venstreforening.