Gjendeosen er saman med Vøringsfossen og Trollstigen peika ut som eitt av tre ikon langs dei Nasjonale turistvegane. Gjendeosen skal byggjast ut for 55-60 millionar kroner. Nå blir det folkemøte om planane.
Det blir song, musikk og teater. Prestar, prostar, biskop, kronprins og mange andre står på gjestelista. Alt er klart til den storstila feiringa av 850-årsjubileet til Lom stavkyrkje, og startskotet går fredag kveld 12. september.
Nordberg sokneråd inviterte til seinsommarkonsert i Nordberg kyrkje laurdag kveld. Nordstrand kirkekor frå Oslo - og det beste Skjåk kan by på av folkemusikk - gav publikum ei oppleving dei seint vil gløyme.
Grunna mangla dokumentasjon frå Hamsunlaget, har fylkeskommunen avslege søknaden frå Hamsunlaget om spelemiddel til Hamsuniana. I finansieringsplanen er det lagt opp til at fylkeskommunen skal dekkje den eine av dei vel tre millionane senteret er kostnadsrekna til.
I januar 2008 vedtok formannskapet i Skjåk å subsidiere husleige for to leigetakarar i kjøpesenteret, med tre mot to røyster. Fylkesmannen slår fast at vedtaket ikkje var lovleg.