– Ein flott førjulspresang, seier Stine og Jørn Magne Stasviken. Etter å ha budd to år i koffert kan dei og dottera Malin endeleg flytte heim til Ulsand. Huset dei måtte evakuere frå i desember 2006 er nå sikra for nye ras.
- På Skjåk ungdomsskule er det mange elevar som kan få gode karakterar, men dei bryr seg ikkje om å få det. Det er ikkje «in» eller «tøft» å vere flink på skulen. Å få gode karakterar handlar like mykje om motivasjon som andre ting, sa Ingrid Lindsheim og Stine Leirmo da Skjåk kommune inviterte til møte om skulen måndag.
- Kyrkja i Bøverdalen har tapt seg mykje dei siste to-tre åra. Ho treng restaurerast både innvendig og utvendig. Vi håpar politikarane finn midlar på budsjettet til neste år. Om ikkje, kan dette bli reint for gale, fryktar Marie Galaaen og Magne Røhr.
I år er det 100 år sidan Tore Ørjasæter (1886 – 1968) skreiv sin hyllest til Vestlandet. Både songen «Å Vestland, Vestland» og fleire av dikta hans vart framførde da Bråtå hylla diktaren 40 år etter at han gjekk bort.
Kjell Joar Bakke (26) har i fire år gått i lære som hovslager. Førre veka tok han fagbrev.