Annonse på www.fjuken.no?



Får ros: Dei som arbeider i servicetorget i 
Skjåk kommune har god oversikt og fin 
serviceinnstilling. Det kjem fram i ein rapport 
utarbeidd av Rambøll Norge AS. Frå venstre: 
Unni Rusten Olstad, Paula Maurstad, Andrea 
Brennhaug og Solveig Flatmo.
[19.11.08] Ljospunkt i trist rapport
Rambøll Norge AS har på oppdrag for Skjåk kommune gjennomført ei evaluering av organisasjonsendringa som vart vedteke og gjennomført i 2005. Konklusjonen er at kommunestyrets målsettingar ikkje vart nådde på nesten noko punkt. Ljospunktet er servicetorget.



Samstemt: Klangen i 
Arve Tellfesen sin gamle fiolinen og treverket i 
Vågåkyrkja var samstemt og som skapt for 
kvarandre.
[19.11.08] Stemningsfullt i Vågåkyrkja
Publikum fekk ei musikkoppleving av dei store da Arve Tellefsen og Erling With Aasgård heldt konsert i Vågåkyrkja fredag kveld. Særs var klangen i den gamle fiolinen og treverket i kyrkja samstemt denne kvelden.





Nytt hus: Stua har fått nytt golv 
og panel på veggene.
[12.11.08] – Endeleg kan vi flytte heim
– Ein flott førjulspresang, seier Stine og Jørn Magne Stasviken. Etter å ha budd to år i koffert kan dei og dottera Malin endeleg flytte heim til Ulsand. Huset dei måtte evakuere frå i desember 2006 er nå sikra for nye ras.



Leksehjelp: - Før fekk vi leksehjelp på skulen, 
men ordninga vart borte. Mange elevar treng hjelp 
med leksane, så denne ordninga vil vi gjerne få 
att, sa Ingrid Lindsheim og Stine Leirmo.
[12.11.08] - Handlar om motivasjon
- På Skjåk ungdomsskule er det mange elevar som kan få gode karakterar, men dei bryr seg ikkje om å få det. Det er ikkje «in» eller «tøft» å vere flink på skulen. Å få gode karakterar handlar like mykje om motivasjon som andre ting, sa Ingrid Lindsheim og Stine Leirmo da Skjåk kommune inviterte til møte om skulen måndag.



Lekkasje: Taket på våpenhuset er ikkje tett, og 
dette fører til lekkasjar kvar gong det regnar eller 
snør. Det fører til innvendig mugg. 
- Svært bekymringsfullt, seier Marie Galaaen og 
Magne Røhr i Lom kyrkjelege råd.
[12.11.08] Kyrkja treng restaurering
- Kyrkja i Bøverdalen har tapt seg mykje dei siste to-tre åra. Ho treng restaurerast både innvendig og utvendig. Vi håpar politikarane finn midlar på budsjettet til neste år. Om ikkje, kan dette bli reint for gale, fryktar Marie Galaaen og Magne Røhr.






Kontakt oss
Hovudkontor, Skjåk
Bisvoll, 2690 Skjåk
Tlf: 61 21 38 60
Avdeling Lom
Flækøybygget
2686 Lom
Tlf: 97 19 69 75
E-post: Trykk her.
Avdeling Vågå
Vågå handelsforening
2680 Vågå
Tlf: 97 09 97 09
E-post: Trykk her.
E-post
Redaksjonell e-post
redaksjon@fjuken.no
Annan e-post
post@fjuken.no
Webdesign | Programmering av Arild Plassen Webgrafisk © 2003