Rådmann Jan Rune Fagermoen og økonomisjef Odd Gudbrand Aamodt presenterte framlegg til neste års budsjett og økonomiplan for 2009 til 2012 for kommunestyret torsdag kveld. Dei har funne pengar til både rehabilitering av ungdomsskulen og bygging nye omsorgsbustader.
Sidan 1982 har Per Steinar Løkken hatt fotoforretning i Bismo. I tillegg har han handla med helsekost. Etter nyttår er butikken stengt, - men ramme-snikkaren held fram.
– Er du huga til å spela i korps? spør Erik Lillebråten i Vågå musikkforening. Saman med Vågåmo skule og kulturskulen ønskjer musikkforeininga å blåse nytt liv i Vågå skulekorps.
Somme ungdomar i Lom er reine propellane. Nyleg har Marit Sletten sett i gang dansegruppa Hobbydans. Nå set ho og Liv Berit i gang kor. Hobbykor!
Snart 86 år gamle Einar Rusten kunne så gjerne tenke seg å bu på Helseheimen, men på sjukeheimen er det fullt. I går vart han heimkøyrt.