Sjukehuset Innlandet har bestemt å flytte ambulansen i Vågå til Otta. Slik blir det protestar av. I kveld, torsdag, blir det fakkeltog gjennom Mo’einn.
Anita Hovde har vore primus motor og leiar for Vågå demensforening gjennom ti år. Tysdag vart ho takka for innsatsen med fortenestnål, diplom og æresmedlemskap frå Nasjonalforeininga for folkehelsa.
Førjulstid er slaktetid, - også i Dønfoss barnehage. Måndag var dei største barna på Permoen i Lundagrenda og overvar slakting, skålding og deling av gris. Tysdag vart grishovudet kokt, og sylta laga. Dette var innleiinga til ei svært travel tid for Dønfoss-ungane.
Fire gardsbruk går saman om kraftutbygging av Holungen i Vågå. Eit planlagt Holungen kraftverk vil få eit fall på 250 meter og vil få ein årsproduksjon på 1,8 Gwh. Prislappen er 6 millionar kroner.
Nissegraut – eller historia om dei tre nisse menn og gitaren som forsvann, trekte full låve på Nordal sundag kveld. Var det nissane som hadde gitaren til Lars Bakke?...