Det var ikkje venta den store debatten kring budsjettet i Lom, ettersom budsjettutvalet i lang tid har arbeidd med det, og formannskapet har drøfta det i to omgangar. Men Arbeiderpartiet hadde tre framlegg til endringar
At Simen Bjørgen skal skrive «friarbrev» til Skjåk kommune med spørsmål om samanslåing, vekte ikkje akkurat jubelrop i kommunestyret i Skjåk.
Vågå Røde Kors Hjelpekorps fekk julegåva på forskot da Gjensidigestiftelsen troppa opp med sjekk på bortimot 167.000 kroner. Pengane skal brukast til innkjøp av sekshjuling ATV og biltilhengar med kapell.
Vågå fjellstyre, Statskog og Vågå kommune har vorte samde om å prøve ut nye skilt i Sjodalen som erstatning for dei gamle forbodskilta. Dei nye skilta skal setjast opp på ti plassar.
Ottadalen Mølle er nå inne i eit spennande prosjekt med å vidareutvikle Skjåkmjølet. Om prosjektet blir vellykka, får det positive verknader både for gardbrukarane i Ottadalen som kan få betre betalt for byggen dei produserer, for Ofossen mølle, og ikkje minst for forbrukarar som er opptekne av sunn mat.