Ein person omkom da det braut ut brann i ein trygdebustad ved Vågåheimen tysdag.
Representantane frå Sjukehuset Innlandet kom til folkemøtet i Vågå for å lytte. Med seg heim att fekk dei seks tusen underskrifter og klar beskjed om ikkje å røre ambulansane.
– Eg er forundra over å vera den einslege som talar for Odda skule, sa Bjørnar Brustuen (Sp) før kommunestyret mot hans røyst vedtok å legge ned skulen. Garmo skule vart berga.
Omkring det tidspunktet Breheimen nasjonalpark blir offisielt opna, vil eit nytt turistinformasjonssenter stå ferdig i tilknyting til Coop marked Bruvoll ved Dønfoss.
- Å få turistinformasjon på Bruvoll ser vi på som både nyttig og positivt, det er her turistane både frå aust og vest stoppar om sommaren, seier dagleg leiar ved Coop marked Bruvoll, Siv Anne Plassen.
Lærarane ved Lalm oppvekstsenter er frustrerte over at
utbetringa av skuledelen er sett på vent.
– Vi set vår lit til at tidlegare planar og politiske vedtak blir følgde opp, seier lærarane.