Annonse på www.fjuken.no?


Milliongåve:  Gry Stavseng og Vidar Elda, flankert 
av banksjef Arne Henning Falkenhaug (t. v.) og 
styreleiar Sevald Sperstad, mottok på vegne av 
fleirbrukshallprosjektet 1,25 millionar kroner frå 
Sparebank 1 Lom og Skjåk sitt overskot.
[24.02.10] Sparebank1 Lom og Skjåk
godt resultat og milliongåve til hall

Den lokale banken la i går fram det beste resultatet i banken si historie. Trass dette var det milliongåva til fleirbrukshallen i Vågå som fekk mest merksemd.






Harmeleg: - Oljen legg seg på traktoren, overalt. 
Sjå på lakken! Eg har ein nokså ny traktor som eg 
ynskjer å stelle pent med, så dette tykkjer eg er 
harmeleg, seier Tåsten Nordal.
[24.02.10] Asfalten flyt i Lia
I fjor haust vart det lagt ny asfalt i Lia, frå Grjotheim til Honn-krysset. Dette er ei strekning på 3,5 kilometer. Asfalten har gått i oppløysing for lenge sidan, og oljeklin legg seg over alt.
- Håplaust, seier Kjell Kolden og Tåsten Nordal.






Verneutstyr: Alle som er inne hjå dei smitta 
pasientane, om det er tilsette eller pårørande, må 
kle seg i verneutstyr frå topp til tå. Med det same 
dei er ute att frå rommet, blir utstyret kasta
[17.02.10] Tre nye er smitta
Tre nye pasientar på Skjåkheimen er smitta av MRSA-bakterien. Det betyr meir arbeid og større utgifter.
- Men dette skal vi bli kvitt att! seier dei tilsette på Skjåkheimen.





Gullmedaljar: 15 år gamle Leif Trønnes med to 
flotte gullmedaljar. Han har vunne si klasse i EM 
og VM i triatlon.
[17.02.10] Europameister og verdsmeister
Leif Trønnes frå Lom har denne
månaden vorte både europameister og verdsmeister i triatlon.



Initiativ: Bjørg Aaseng Vole og Tor Erik Moen har 
teke initiativ til å blåse nytt liv i Besseggløpet.
[17.02.10] Besseggløpet - fjellet si styrkeprøve
50 år etter at det fyrste Besseggløpet vart arrangert, blir det nå blese nytt liv i løpet over Besseggen. Startskotet for Norges tøffaste fjell-løp går laurdag 18. juni 2011.




Kontakt oss
Hovudkontor, Skjåk
Bisvoll, 2690 Skjåk
Tlf: 61 21 38 60
Avdeling Lom
Flækøybygget
2686 Lom
Tlf: 97 19 69 75
E-post: Trykk her.
Avdeling Vågå
Vågå handelsforening
2680 Vågå
Tlf: 97 09 97 09
E-post: Trykk her.
E-post
Redaksjonell e-post
redaksjon@fjuken.no
Annan e-post
post@fjuken.no
Webdesign | Programmering av Arild Plassen Webgrafisk © 2003