Onsdag og torsdag neste veke inviterer russen 2009 til revy i Lom samfunnshus. Song, musikk og litt sparking til bøverdølar og politikarar står på programmet.
26 år gamle Knut-Jørgen Norstrand er mannen som skal drive Rema1000-butikken i det nye handelssenteret i Gjeisarøya. Han er i dag nestkommanderande på Rema1000 på Strand-torget i Lillehammer.
Ein eigar av tomt på Kolbotten industriområde på Lalm får pålegg om å fjerne bilvrak som er lagra på tomta. Tilhøva vart avdekt under ei synfaring tysdag.
Sjølv om mykje ungdom i Lom og Skjåk tidlegare har teke kurs og kvalifisert seg til avløysararbeid på gardane i dei to kommunane, er det nå mangel på avløysarar. Nå arrangerer Skjåk og Lom avløysarlag eit nytt, gratis kurs for ungdom for å bøte på mangelen.
Nå kan turistane koma til Gammel-Kleppe for å overnatte i glashus. Dag Lindvig er i ferd med å byggje to overnattingsrom på låven der vegger og tak skal kledast med glas.