Arbeidsgruppa som skulle vurdere skulestrukturen i Skjåk, er nå ferdige med arbeidet. Åtte av ti medlemar i gruppa ynskjer 1 til 10-skule i Bismo. Det betyr at Marlo skule og Nordberg skule vil bli lagt ned.
Frå og med sesongen 2009 har Hanne og Eirik Weberg samt Torunn og Ole Andreas Stenslie tatt over drifta av Besstrond Sæter i Sjodalen. Det nye vertskapet vil by på god mat og aktivitetar for å ta vare på den ærverdige tradisjonen og historia som tilhøyrer staden.
Smårollingane i Bismo barnehage visste godt kven dei fekk på besøk førre veke. Dama med lilla bluse og eit stort kors på brystet, flink til å lytte og flink til å prate med dei, var biskop i Hamar bispedømme, Solveig Fiske. Besøket i barnehagen var ein av mange postar i eit tettpakka program som vart avslutta med stor visitasgudsteneste i Skjåk kyrkje sundag.
Karina Kolden frå Lom er tredjeårs bachelorstudent ved Norges Handelshøgskule. Saman med tre andre medstudentar vart ho før påske utplukka til å vera med i den internasjonale konkurransen Global Business Case Competition i USA.
Gardbrukarane i Skårvangen går nå til kamp mot vånden sine herjingar på innmark. Alv Lilleengen har
spesialisert seg på å ta skadedyret i felle. I fjor tok han 112 dyr i fella.