Ombygginga av Vågåmo skule blir 16 millionar kroner dyrare enn det som er avsett i økonomiplanen. Nå skal politikarane avgjere om ombygginga skal gjennomførast som planlagt og eventuelt finansiere prosjektet som har ein totalkostnad på 55,75 millionar kroner.
Veit ikkje kvar ein skal byrje, med at det var flaut lite folk i Presthaugen eller at dei få som var der fekk ei utruleg musikalsk oppleving. Vi rettar slipset mot det siste.
Sanna Rustad frå Vågå tek eit friår utanom det vanlege for å bu og
arbeide i lag med vaksne funksjonshemma i Frankrike. – Eg ynskjer å utvikle meg som
person – få sett ting i perspektiv, seier den
reflekterte 19-åringen.
Alf og Elin Hosarøygard i Bismo er glade for at tilsette i Interfil og Bismo industrier i siste Fjuken fortalde om problema dei har med støv, støy og vibrasjonar frå Glasitt.
- Felles skjebne er felles trøyst. Nå står vi ikkje lengre heilt åleine om dette, seier dei to.
Målet er å utvikle Sognefjellsvegen til ein nasjonal modell for samarbeid innan mat, reiseliv og opplevingar, sa landbruks- og matminister Lars Peder Brekk da han fredag opna landets fyrste matrute.