Mellom seks og sju tusen personar var innom countryfestivalen i Skjåk i løpet av helga.
- Vi hadde færre dagsbesøk enn i fjor, men fleire på campingen. Alt i alt ei svært vellykka helg, oppsummerer ein glad og letta Alf Hosarøygard.
Lomværane vann lagspelet og Øyvind Sandum vart noregsmeister på torader. I tillegg vart det flotte andreplassar til Aslak Brimi, Sigrid S. Aaboen og Eirik Schjølberg og Mads Erik Odde. Som ikkje det var nok, tok vagværane tredjeplassen i lagspelet under NM i Folkemusikk på Geilo.
Ombygginga av Vågåmo skule blir 16 millionar kroner dyrare enn det som er avsett i økonomiplanen. Nå skal politikarane avgjere om ombygginga skal gjennomførast som planlagt og eventuelt finansiere prosjektet som har ein totalkostnad på 55,75 millionar kroner.
Veit ikkje kvar ein skal byrje, med at det var flaut lite folk i Presthaugen eller at dei få som var der fekk ei utruleg musikalsk oppleving. Vi rettar slipset mot det siste.
Sanna Rustad frå Vågå tek eit friår utanom det vanlege for å bu og
arbeide i lag med vaksne funksjonshemma i Frankrike. – Eg ynskjer å utvikle meg som
person – få sett ting i perspektiv, seier den
reflekterte 19-åringen.