Tips oss: | Send e-post

Sjekk dette!

Webkamera

Været i ottadalen

 

Nytt i Ottadalen

Print Tips en venn
Publisert 23.04.2012

    - Stopp salet av Klones - gje oss arbeidsro

    - Døkk er tøffe viss døkk ikkje set ut salet av Klones, sa Arne Brimi til ordførar Iselin Jonassen da gruppa som vil gjere Klones til eit nasjonalt senter for natur og kultur møtte politikarane.

    ARVE DANIELSEN

    - Kva må til for at Vågå kommune som eigar skal stoppe salet av Klones? spurde Steinar Aasgaard da ei gruppe som vil gjere Klones til eit nasjonalt senter for natur og kultur møtte formannskapet måndag kveld.

    Svaret får kanskje gruppa som har engasjert seg i Klones tysdag, når styret og eigar skal møtest til generalforsamling i Klones AS.

    - Er Vågå kommune som eigar av Klones viljug til å satse på lokalt engasjement. Vi treng eitt års arbeidsro, sa initiativtakar og talsmann Steinar Aasgaard og oppmoda politikarane om at salsprosessen blir lagt på is i eitt år.

    Direktør Simen Bjørgen i Norsk Kulturarv sa at Klones kan bli eit kraftsenter med fokus på verdiar ein allereie har i regionen.

    Gruppa med dei lokale aktørane har saman med Consolvo AS meldt si interesse for å kjøpe Klones. Den tredje interessenten i å kjøpe Klones, er per i dag ukjent. Noko Bjørgen var sterkt kritisk til.

    - Døkk er tøffe viss døkk ikkje set ut salet av Klones, sa Arne Brimi med klar adresse til politikarane. Han peika på dei store moglegheitene Klones vil gje som eit nasjonalt senter for natur og kultur. Ikkje minst matkultur som Brimi er den fremste eksponenten av i heile landet.

    Som grundar tok Brimi eit oppgjer med det politiske miljøet i bygda.

    - Kvar gong eg vil noko, må eg stå rett for politikarane som ikkje har trudd på meg. Dette er 16. gongen, sa Brimi og la til at det må vere fenomenalt for politikarane å få besøk av ein slik engasjert gjeng.

    - Engasjementet rundt Klones kan samanliknast med kampen om G-35, sa Brimi.

    Steinar Aasgaard sa at ein må gripe moglegheitene. Desse moglegheitene tok ordførar Iselin Jonassen og resten av formannskapet med seg. Nå har dei berre natta å sove på moglegheitene som Brimi & Co presenterte for dei.

    Generalforsamlinga i Klones AS startar klokka 14.00 tysdag. Etter den tid får ein svar på om det blir sal av Klones, eller om gruppa får den tida dei bad om. Eitt år å arbeide på. 

     

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 21.05.2013 - 13:57
    LSNavarsete1.jpg

    – Nye tunnelar er den beste løysinga

    Statsråd Liv Signe Navarsete vil arbeide for at riksveg 15 får nye tunnelar på fjellet mellom aust og vest.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 21.05.2013 - 12:58
    penger.jpg

    Øygard hevdar han svært sjeldan bruker kontantar

    Spørsmålet om Rune Øygard og kona bruker kort eller kontantar når dei handlar kan vere med på å avgjere om juryen finn den tidligare ordføraren skuldig.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 21.05.2013 - 11:55
    sognefjellet, 6001.jpg

    OL-oppkøyring på Sognefjellet

    Fleire landslag har lagt OL-oppkøyringa si til Sognefjellet.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 20.05.2013 - 21:01
    Lalmsvatnet flaum.jpg

    Ottaelva fortset å stige

    Sidan 17. mai har Ottaelva stige med 1 meter og 84 centimeter ved Lalm målestasjon. Snøsmelting og regnbyger fører til auka vassføring.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 20.05.2013 - 11:00
    Brannbil blåljos6.jpg

    Brann i torvtak - ingen brann

    Brann i eit torvtak var kontrollert brenning av daugras.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 19.05.2013 - 13:00
    ras sognefjell 2.jpg

    Snøras på Sognefjellet

    Det har gått eit ras med vatn og snø 400 meter aust for Krossbu. Ingen personar skal vere tekne av raset.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 16.05.2013 - 22:38
    175.jpg

    Send oss bilde frå 17. mai

    Fjuken ynskjer alle ei flott feiring av nasjonaldagen. Send dine blinkskot frå dagen til lokalavisa.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 16.05.2013 - 22:09
    _DSC0460.jpg

    Lom vann på Halland

    Lom vann nabooppgjeret mot Vågå på Halland torsdag kveld.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 16.05.2013 - 13:49
    kirkestuen, 6001.jpg

    Kirkestuen kjøper Fåvang Varetaxi

    Kirkestuen Transport AS har kjøpt alle aksjane i Fåvang Varetaxi AS.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 15.05.2013 - 14:55
    Elgkalv.jpg

    Ulv tok elgkalv i Skjåk

    Ein velvaksen ulv vart observert ved ein drepen elgkalv ved den såkalla Handikapvegen mellom Billingen og Nysetra onsdag morgon.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 15.05.2013 - 13:26
    rolv kristen, 6001.jpg

    Øygards bror meiner jenta var pådrivaren

    Hamar: Rolv Kristen Øygard (59) mislikar sterkt måten lillebroren prata med ungjenta på, men meiner det var ho som la opp til ordbruken. – Ho la løpet, og Rune hengde seg på, sa broren i retten.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 14.05.2013 - 21:49
    Grov.jpg

    Nærvarmeanlegget: Kommunestyret vil ha utgreiing av Grov

    Det vart ikkje vedteke nokor reguleringsendring i Eggjalia.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 14.05.2013 - 20:07
    Unn Bostad.jpg

    Kulturprisen til ekteparet Bostad

    Unn og Birger Bostad får Vågå kommune sin kulturpris for 2012.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 14.05.2013 - 18:57
    Ulstad.jpg

    Nei til eigedomsskatt i heile kommunen

    Kommunestyret i Lom vedtok tysdag kveld å ikkje innføre eigedomsskatt i heile kommunen.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 14.05.2013 - 18:15
    vitneboks nære6.jpg

    Krogvold: Ho hadde det ikkje heilt bra, ifølgje Øygard

    Hamar (NTB-Steinar Schjetne): Fotograf Morten Krogvold oppfatta Rune Øygard som ein fosterfar for jenta han skal ha forgripe seg mot. - Han sa ho ikkje hadde det heilt bra, seier Krogvold.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 14.05.2013 - 14:37
    politi bot.jpg

    Skreiv ut sju bøter

    Politiet skreiv ut sju bøter under ein laserkontroll på riksveg 15 tysdag morgon. 

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 14.05.2013 - 10:26
    Geirangervegen61.jpg

    Geirangervegen er opna

    Det vart tidleg opning av fylkesvegen mellom Langvatn og Geiranger i år.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 13.05.2013 - 14:32
    Skjåklogo.jpg

    - Nå vil vi setja Skjåk på kartet

    Lom har hatt det i årevis, det same har Vågå. Nå har også Skjåk fått sin profil.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 13.05.2013 - 13:45
    Vitneboksen7.jpg

    Vitne meiner Øygard var støttande og oppbyggande

    Hamar: Rune Øygard hadde ganske riktig ein spesiell tone med jenta som hevdar dei hadde eit forhold, i fylgje eit vitne.

    - Han var støttande og oppbyggande, seier ho.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 12.05.2013 - 17:51
    erling vole, 6001.jpg

    Lom slo Lillehammer

    Lom slo Lillehammer2 heile 6-0 i Grov sundag.

    » Les heile saka

    Nytt i Ottadalen

    Publisert 11.05.2013 - 10:32
    _DSC0363.jpg

    Fleire fotoboksar i Ottadalen

    Nå blir der strekningsmåling på Rv15 i Ottadalen.

    » Les heile saka